ARTIKKEL I STRYN MAGASIN

I Stryn, den flotte vestlandsbygda jeg bor i, er vi så heldige å ha et stort fokus på design, og aller helst lokalprodusert. Vi har mange bedrifter å være stolte av, for eksempel Hagen som produserer trapper og Tonning & Stryn som har produsert mange designklassikere og stadig bringer fremtidsklassikere på banen. Vi har byggevarehandlere som hjelper deg med det meste, og det er kort vei fra et problem oppstår til du får hjelp. Og du vet alltid hvem du skal ringe, for sjansen er stor for at du kjenner noen i bedrifta, eller i det minste kjenner noen som kjenner noen. Fordelene ved å bo i ei lita, arbeidsvillig bygd.

I høst ble jeg spurt om å skrive en artikkel for StrynMagasin, et magasin som kommer ut èn gang i året og har et opplag på 25 000. Bestillingen var en artikkel om design i Stryn, og jeg var så heldig å få vinkle saken akkurat som jeg ville. Det ble en artikkel med en personlig vri, og jeg legger den ut i sin helhet nederst i innlegget om noen skulle ha lyst til å snuse på den. Og jeg skriver nynorsk, noe jeg forøvrig skulle ønske jeg gjorde på heltid. Kanskje det er på tide å bli fullintegrert vestlending og bruke skriftspråket daglig?

Nedenfor ser dere lay out med bilder tatt her hjemme.

_MG_9595

_MG_9591

_MG_9598

ENDELEG HEIME

– Eg har fått jobb i Stryn, sa han på ei klår mobillinje. Han høyrdes glad ut. Eg høyrde det som i eit ekko. No skjer det. Nei.

Allereide på den fyrste daten sa han det. Eg er odelsgut. Eg kvapp litt der eg sat i den mjuke sofaen på ein kafè i den våte vestlandsbyen. Eg visste jo kva det innebar: som regel eit stort ynskje om å få reise heim i ung alder og ta over det som var av gard og grunn. Eg derimot ville trakke brustein så lenge som muleg, drikke take away-kaffien min mens eg vandra omkring i ei anonym by-tilvere. Jobbe i ei eller anna stor mediebedrift med ein hel hop kule, trendy menneske rundt meg. Eg skulle leva, nytte meg av tilboda som byen omtrent kasta etter meg. Skulle eg liksom flytte til ei lita vestlandsbygd, midt i mellom tronge fjell. Kva skulle eg gjere der?

Vi køyrde over fjellet på ei av desse magiske sommardagane. Då dalen brettar seg ut som eit postkort i det du kjem ut frå siste tunnelen på Strynefjellet, og du trur du har komen til ei eventyrverd der alle fargar og formar er ekstra klåre og reine. Eg skulle kanskje sett teikna allereie då? Men eg sat der med knuten i magen og tenkte på dei som var att der aust. På den koselege byleilegheita vår. Det kjendest som ei amerika-reise.

Reisa slutta på eit tun. Eg hadde vore der mange gongar før, men no kjende eg ekstra godt etter. Var dette heime? Eg trådde over dørterskelen og var med eitt tilbake på 70-talet, sjølv om eg ikkje eingong var født det tiåret. Laminat på golva, senka tak og gulna panel. Mange små, tronge rom. Men òg mykje fantastisk. Gamle tømmerveggar, gamle breidde golvbord, ein kjellar full av stolar, skap, koppar og kar.

Så vi sat der med freidig mot. Ermene var ferdig oppbretta. Jepp, kor byrjar vi? Vindauga må skiftast ut, alt elektrisk må takast igjen, vassboren varme kan vere kjekt å ha, og dessutan må dykk kle om att heile huset. For ikkje å snakke om at golvet må bytast og badet totalrenoverast. Dykk treng kanskje to bad? Og nytt kjøken, nye rør. Og ja, det er sopass stor forskjell på 59 kvm i Oslo og 250 kvm i Stryn at dykk treng vel ein del nye møbler og? Ermene rulla fort ned att. Motet rant ned i ein pøl på golvet saman med sveitta som alt dette oppussingspratet framkalla. Kor langt måtte vi reise for å skaffe alt dette? To timar til næraste by, eg orka nesten ikkje tanken på all asfalten vi måtte forsere for å få draumehuset vårt. Hadde vi berre visst at vi ikkje trong gå mange metrene.

–          Det er det som er så fint med Stryn, seier Svein Nore då eg tek ein prat med han på Tonning & Stryn. Eg går rundt og har lyst på absolutt alle møblane til den kvalitetsbevisste handverksbedrifta. I show-rommet står gamle klassikarar designa av Alf Sture side om side med topp moderne møbler av det som er kåra til Noregs beste designar; Andreas Engesvik. –  Stryn klarar å skaffe det meste innan dei fleste segment. Du veit kven du skal ringe om du får eit problem, og som regel kjem vedkomande og ordnar opp raskt.

Det durar og let når vi går gjennom verkstaden der det ligg stablar på stablar med tre. Eik og flammebjørk. De er desse materialane dei jobbar med, dei tolv tilsette som har sitt daglege virke i den kvite bygningen bak stadion i Stryn. Her jobbar det handverkare med ekte lidenskap for tre. Dei veit korleis treet ter seg og korleis ein skal tilverke det. Slik vert det solide kvalitetsmøbler av. I tredje etasje står ein avkledd ørelappstol og saknar både stopping og stoff. Eit utruleg handverk skjuler seg under setet, og handverkaren som stødig gjev stolen det han treng fortel at han brukar eit dags arbeid på ein stol.

Eg let handflata gli over eit eikebord med nesten mjuk overflate. Går det verkeleg an å få tre til å kjennest slik? Eg ynskjer meg bordet med heile mitt hjarte, og eg veit ikkje om det er flaut eller flott å fortelje at eg grein då Svein Nore køyrde det opp på tunet til meg. Ekte designkjærleik, kan det vel kallast.

Men det er mykje som skjer i heimen vår før vi kjem til bordet. Endelause snikkartimar nyttast i huset, og hadde eg ikkje hatt ein svigerfar som kunne bruke hammaren, så hadde eg ikkje trengt å gå så langt for å finne ein heller. Men noko er det fint at ein kan finne i næraste familie.

Eg tek meg ein tur til XL-BYGG, eller det som på folkemunne er kjent som A. Sølvberg AS. Eit familieeigd byggevarefirma med røter tilbake til 1927. Det er fint å vandre mellom utstillingane, få ta på kjøkenfrontane og prøve skuffane. Sjå om speila yt deg rettferd eller ikkje.

–          Vi tilbyr kundane våre desse utstillingane for å kunne gi dei eit faktisk inntrykk av produkta, og ikkje berre la dei basere vala sine på det ein ser på bileter på nettet eller i ei brosjyre, seier salskonsulent Øyvind Aarheim. Vi har mange eksemplar der desse utstillingane har vore ein avgjerande positiv faktor for kundens val. Eg kan skrive under på dette, og tar med meg kjøken og golv heim att frå dei serviceinnstilte folka på XL-bygg.

Flisene i gongen skal leggast og vi må rope ”stopp” i det utgangsdøra går opp, og Birger Flo er på veg inn. Han kjem på ein inspeksjonsrunde for å sjå korleis vi ligg an. – Eg likar å gje maksimal serviceoppfølging i forbindelse med sal, seier mannen som tilbyr mellom anna fliser, kjøken og parkett i butikken sin, Birger Flo AS. Han tek ein ekstra kik på flisene på badet. Han anbefalte sterkt denne typen då vi var der, og vi angrar ikkje. – Eg trur vi på denne måten lukkast med å få kunden som vår ambassadør. Og ja, vi pratar jo på bygda. Positiv prat. Servicen vi har fått frå lokale leverandørar er utelukkande av den gledelege sorten. Vi deler erfaringar med vener som bygger eller pussar opp hus, og vi går på besøk til kvarandre for å sjå korleis det har vorte. I eit av husa ser eg trappa med stor T. Dette fantastiske møbelet som tek oss mellom etasjane står og ruvar midt i huset, og eg ligg omtrent vaken og tenkjer på denne trappa. Det er sjølvsagt Hagen som har produsert den. Dei har produsert trapper sidan 1934 og er ikkje berre ledande på trapper i Noreg, men i heile Norden.

  • Vi tek hand om heile prosessen, fortel Beate Foss Hagen, marketingsjef i trappebedrifta. Alt frå rådgiving i butikk, tilbod med 3D-teiking, måltaking hos kunde, produksjon og montering. Ho synest det er ekstra kjekt når lokale kundar brukar dei. – det gjer alle våre 90 tilsette stolte, seier ho, og legg til at det positive med å drive i Stryn er lojale tilsette som har vore lenge i bedrifta.

Eg vaknar til ein ny dag i Stryn. Flo-fjella står tunge i det fjerne. Stryneelva gjer ein sving akkurat der eg kan sjå ho frå soveromsvindauget mitt. Eg går ned Hagen-trappa vår, jau, det måtte jo bli ei slik trapp her også, og finn kaffikoppen på kjøkenet. Stryk over benkeplata og tørkar vekk noko frå flisene over benken. Set meg ved kjøkenbordet, dette vakre smykket frå Tonning & Stryn, drikk kaffien min og tenkjer ikkje over at eg heile vegen frå eg stod opp til eg sit her er omgitt av ting og tang, flisar og tre, trappar og golv frå lokale strynebedriftar. Eg tenkjer eigentleg berre på kor heldig eg er som fekk kome nett hit.

//MARTHE//

Comments

  1. Janne says

    Åhhhh – du skriv så fint! Eg vart heilt varm i hjarta… Og på nydeleg nynorsk! Takk for at du delte denne.

    • marthe says

      Tusen takk, Janne! Nynorsk er det fineste skriftspråket vi har, og heldigvis har jeg en jobb som krever at jeg bruker det. Kanskje bloggen konverterer etterhvert, jeg føler meg veldig hjemme i nynorsken. Jeg ønsker deg en god vår!

  2. says

    Så utrolig koselig å lese dette. Jeg er selv en byjente som kanskje skal ta over en gård på landet, så dette gikk rett hjem hos meg. Å ha shopping og takeaway-rett utenfor døra er ingenting mot roen man finner i öppna landskap <3

    Klem Rikke

    • marthe says

      For en spennende avgjørelse du har fremfor deg, Rikke! Det er vanskelig å vite hva som er det rette valget, og jeg er noen ganger i tvil om mine egne valg. Men så ser jeg hva som befinner seg utenfor døra mi, og det rette valget står veldig klart for meg: det er her jeg MÅ bo, jeg kunne ikke klart meg uten denne naturen. Lykke til med alt du har foran deg! Klem fra Marthe

  3. Mammapålandet says

    Så fantastisk flott artikkel! Jeg er selv byjente som flyttet på en gård langt unna en by. Angrer ikke et sekund. Kjærligheten til stedet du bor på strømmer ut fra ordene dine – og imponerende at du skriver på nynorsk! Ønsker deg en super dag og håper du nyter hver dag slik du beskriver det:-)

    • marthe says

      Hei Mie!

      Tusen takk for fine ord fra deg, det setter jeg stor pris på! Selv om jeg har skrevet noen artikler gjennom årenes løp, så er det alltid skummelt når det kommer på trykk. Tør ikke lese det selv;-) Så flott at du ikke angrer på at du flyttet. Det er så godt når en kjenner at valgene en tar er de rette. Nyt våren! Klem fra Marthe

  4. JaneH says

    Jeg har fulgt bloggen din lenge. En fin blogg du har. Du skriver så fint, får nesten lyst til å flytte til Stryn. Du er heldig som bor i et så fint hus og nær så flott natur.

    • marthe says

      Tusen takk, Jane! Det beste jeg vet er trofaste lesere, så takk for at du stadig kommer innom igjen. Og ja, jeg føler meg heldig som bor her. Naturen er en stor kilde til energi. Ha en fin vår!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *